Utleigereglement mm.

Utleigereglement

  1. Leigetakar er ansvarleg for huset i leigeperioden.
  2. Leigetakar får tilsendt innbetalingsgiro eller kontonummer. Prisen for utleige er fastsett av styret. Leige, og evt. depositum, må være betalt før overlevering av nøkkel.
  3. Leigetakar plikter å ivareta utleigars eigedom på en tilfredsstillande måte og forlate området (inne og ute) i den stand de overtok det. Ved evt. skade på hus eller inventar, skal leigetakar informere utleiger om dette, og saman bli einig om reparasjon eller anna vederlag. Leigetakar/medansvarleg er økonomisk ansvarleg/erstatningspliktig dersom noko blir øydelagd i løpet av leigetida. Alle som har skrive under på leigeavtalen er økonomisk erstatningsansvarleg ved skade etc.
  4. Ved knusing av glas/koppar/fat etc., må det betalast kr 25,- pr. del.
  5. Tap av nøkkel medfører ein kostnad på kr 2000,-.
  6. Det er ikkje tillate å røykje innandørs.
  7. Dersom leigetakar er under 18 år, skal ein føresett skriva under avtalen og stå som medansvarleg.
  8. Alle tilstellingar i og utanfor lokalet skal fredag og laurdag være slutt seinast kl. 02:00. Andre dagar seinast kl. 23:00.
  9. Den som leiger lokalet er ansvarleg for at brann- og tryggingsvern av personar og bygning blir haldne. Alle dei ansvarlege skal gjerast kjent med og følgje oppslag om brannreglar og rømingsvegar. Sjå kart m/ rømingsvegar og plassering av brannslukkerapparat i inngangen til storsalen og på kjøkkenet.
  10. Huset er godkjent for maksimalt 120 personar. Det er avgrensa kor mange gjester som er tillate, avhengig av kva rom arrangementet er i og type arrangement. Tala er utarbeida i samråd med Lindås- og Meland Brannvern.
    – Storsalen: 70 personar med bord/stolar, 100 personar med stolrekkjer, 120 personar ståande
    – Småsalen: 25 personar med bord/stolar, 30 personar med stolrekkjer, 40 personar ståande
    – Kjellerstova: 33 personar med bord/stolar , 40 personar med stolrekkjer, 50 personar ståande
  11. Avbestilling må skje seinast 7 dagar på førehand, eller etter nærmare avtale. Avbestilling etter frist medfører at leige må betalast.
  12. Ved leige fredag eller lørdag, skal lokalet være ferdig utvaska innan neste dag kl. 14:00. Evt. seinare etter avtale.
  13. Ved retur av nøkkel, tar leigetakar og utleigar ein gjennomgang av huset. Dersom lokalet ikkje er tilfredsstillande reingjort og tilbakelevert til avtalt tid, må leigetakar betale kr 500,- per time for vask og evt. ekstra leige.
  14. Sjekkliste til leigetakar skal leverast tilbake, ferdig utfylt og underskrive, saman med nøkkelen etter leige

Tillegg for leigetakarar 18-25 år

  1. Ved arrangement med alkohol er maks antal gjester 70 personar (vaktar tel ikkje med i dette antalet).
  2. Depositum på kr 5000,- og leige må betalast på førehand.
  3. Leigetakar plikter å skaffe minimum 5 vaktar over 25 år. Dette gjeld ikkje ved familiearrangement som barneselskap, dåp, konfirmasjon, bryllaup osb.
  4. Vaktane SKAL være edru!!
  5. Som vakt har ein ansvar for at uvedkommande ikkje kjem inn i lokalet og at antal gjester ikkje overskridast. Vaktane må plasserast ved alle inngangsdørene til lokalet.
  6. Brudd på reglane kan medføre at leigetakar ikkje får leige huset ved ein seinare anledning.

Praktisk informasjon

  • Brukarmanualer til teknisk utstyr, finn du i HMS-permen på kjøkkenet.
  • Reine kjøkkenhandkle og oppvasklutar finst på kjøkkenet i skapet ved døra inn til kjellerstova. Etter bruk leggjast dei i plastkasse på vaskerommet.
  • Vaskemiddel/utstyr, bossposer, toalettpapir og tørkepapir er på vaskerommet.
  • Det er tilgjengeleg 85 stolar med putar og 34 bord (120cm x80 cm). I tillegg er det i kjellarstova 16 stolar og 2 små bord.

Vask/rydding

  • Avfall plasserast i søppelkonteinarar. Sigarettsneipar og anna avfall skal ryddast rundt huset.
  • Utstyr som er brukt skal vaskast/tørkast av: bord, stolar, kjøkkenbenkar, kjøkkenfrontar m.m. Kjøleskap, komfyr og mikrobølgeomn skal vaskast både innvendig og utvendig.
  • Kombidampar har eige vaskeprogram. Vaskeprogrammet køyrer Ungdomslaget Framsteg. Matrester skal fjernes med fuktig tørkepapir.
  • Ta oppvask (les brukermanual på vegg ved oppvaskemaskin)
  • Bord og stolar vaskast og settast på plass i toppen av trappehuset
  • Matter i inngangsparti støvsugast
  • Vask golvet i storsalen 2 gonger, vent til det er tørka opp, og sjekk etter siste vask at golvet er reint. Bruk riktig mengde vaskemiddel (sjå på flasken med vaskemiddel).
  • Skitne moppar og klutar i plastkasse på vaskerom
  • Vask alle rom som har vore i bruk (også trapper, toalett og inngangsparti)

Sjekkliste etter arrangement

  • Steng kranen på blandebatteriet til spylarslange til oppvaskkum
  • Alt av medbrakte fat og liknande er tatt med
  • Alle vindauge er stengt og vindushemper er på
  • Varmepumpe i storsalen, småsalen og kjellerstova er satt på 19 grader
  • Sjå etter at komfyr, vaskemaskin, kaffitraktar og anna kjøkkenutstyr er avslått
  • Huset er rengjort iht. vaske/ryddeliste
  • Alle lys er slått av
  • Alle ytterdører er låst
  • Huset leverast tilbake i same stand som du mottok det
  • Ved tilbakelevering av lokalet vert det sjekka at vask/rydding er tilfredsstillande utført
  • Gje tilbakemelding om evt. feil og manglar

Leigekontrakten vår finner du her

Mer om brannsikkerhet finner du her