top of page

MØNSTERLOV FOR UNGDOMSLAG I NU

 

Ungdomslaget Framsteg

Vikebø, 5917 Rossland

Lagsnr. 16028

 

                                 

 

§ 1 Føremål

  1. Ungdomslaget Framsteg er eit frilyndt lag der barn og ungdom kan drive med meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar. Arbeidet skal  vere i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.

  2. Laget skal vere aktiv medspelar i utvikling  av eit levande og godt nærmiljø for alle aldersgrupper i bygda og omegn.

  3. Laget skal legge vekt på samarbeid med andre ungdomslag, fylkeslaget og Noregs Ungdomslag for å styrkje sams kulturelle og økonomiske føremål.

 

§ 2 Medlemskap og årskontingent.

  1. Laget er medlem i Hordaland Ungdomslag og godkjenner lovene og føresegnene til Noregs Ungdomslag.

  2. Medlemmene betaler til lokallaget den medlemskontingenten som årsmøtet i lokallaget har bestemt. Kontingenten må minimum vere kr. 100,00 per medlem.

  3. Alle som godkjenner føremålet kan bli medlemmer i laget og i Noregs Ungdomslag. Alle som har fylt 14 år har fulle demokratiske rettar og pliktar i laget og i Noregs Ungdomslag med fulle demokratiske rettar og plikter.

  4. Styret i laget har ansvar for medlemsverving. Dei som leier særgreinene har ansvaret for at deltakarar i aktivitetane betaler kontingent.

 

§ 3 Årsmelding

  1. Arbeidet i laget skal fylgje kalenderåret.

  2. Laget sender årsrapport til fylkeslaget og Noregs Ungdomslag kvart år innan 1. mars. Saman med årsrapport skal det og sendast kontrollerte medlemslister for føregåande år til Noregs Ungdomslag

  3. Laget melder inn nyvalde tillitsfolk til fylkeslaget og Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i lokallaget er halde.

 

§ 4 Årsmøtet

  1. Innkalling
    Styret i laget kallar inn til årsmøte kvart år. Årsmøtet skal vere halde innan 28. februar og må vere kunngjort på vanleg måte minst 14 dagar føreåt. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, lovleg innkalla medlemsmøte, styret i laget eller 1/3 av medlemmene krev det.

  2. Saker
    Årsmøtet skal handsame årsmelding, revidert rekneskap, kontingent og andre saker som styret legg fram for det. Medlemmer og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i laget seinast 1 veke før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling.

  3. Gjennomføring
    a. Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrar, referent og 2 medlemmer til å skrive under møteboka.
    b. Årsmøtet vel leiar,  minst 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer, revisor, valnemnd på minst 3 medlemmer. Leiaren blir vald særskilt for eit år om gongen. Styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at 2 står på val kvart år. Første gongen det blir halde styreval etter denne regelen,  eller når det er tvilsmål om kven som står på val, blir det avgjort ved loddtrekning kven som skal vere i styret 2 år framover. Varamedlemmene, revisor og valnemnd blir valde for eit år
     om gongen
    c. Utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og årsmøtet i Noregs Ungdomslag skal veljast på årsmøtet i laget eller på eit medlemsmøte.

 

§ 5 Styret

  1. Valnemnda skal spørja styrekandidatar på verv.

  2. Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av laget. Styret har overordna ansvar for arbeidet i nemnder og særgreiner.

  3. Styret skal sørgje for at årsmøtet får årsmelding og revidert rekneskap.

  4. Styret rår over lagseiga og skal drive laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett. Pengeløyvingar over kr 10.000,- skal alltid godkjennast av eit medlemsmøte.

  5. Løyvingar/vedtak om investeringar over kr 50.000,- og opptak av lån med pant i laget sin eigedom, skal godkjennast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal.

  6. Styret er vedtaksført når minst havparten av medlemmene er til stades og røystar.

  7. Styret skal føre vedtaksprotokoll for styremøte, medlemsmøte og årsmøte. Protokollen frå årsmøtet skal underskrivast av dei to som blir valde av årsmøtet til dette.

 

§ 6  Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar.

  1. Fylkeslag og lokallag som ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må vedta dette på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.
     

  2. Alle lokallag har plikt til å halde årsmøte i samsvar med si eiga lov. Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte i laget. På same måten skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at det blir kalla inn til årsmøte i direkte innmelde lag og fylkeslag når det ikkje er halde årsmøte i samsvar med lovene.
     

  3. Fylkeslag og lokallag som 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurderte.
     

  4. Fylkeslag og lokallag som 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal reknast som nedlagde. Lokallag som ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i § 3.1 i 3 år etter kvarandre, skal like eins reknast som nedlagde.
     

  5. Fylkeslag og lokallag som bryt lova til Noregs Ungdomslag og som ikkje vil rette seg etter lovleg påbod frå styret og årsmøtet, skal seiast å ha skifta føremål og kan ikkje lenger stå i Noregs Ungdomslag.
     

  6. Saker i samband med denne paragrafen, kan ankast av det laget saka gjeld til årsmøtet i Noregs Ungdomslag. Årsmøtet tek då endeleg avgjerd.

 

§ 7 Trygging av eiga

  1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.
     

  2. Det skal ikkje gjerast bruksendringar og ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige som fører til at den kulturhistoriske verdien blir øydelagd. Det offentlege regelverket innafor kulturvern skal følgjast.
     

  3. Resten av denne paragrafen kjem ikkje til bruk når lokallag melder seg ut av Noregs Ungdomslag på lovleg måte etter § 12 i Lov for Noregs Ungdomslag.
     

  4. Blir laget lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta vare på eiga til laget i minst 7 år. Om laget er eigar av fast eigedom, skal fylkeslaget samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eigedomen skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Dersom andre i ein periode overtek drifta av ein eigedom, skal det takast verditakst på eigedommen ved overtakinga.
     

  5. Dersom det, innan 7 år etter det siste årsmøtet i laget, vert skipa eit nytt lag på staden som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast til det nye laget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst.
     

  6. Utgiftene til styring av eiga skal dekkjast av eiga. Fylkeslag eller landslag er såleis ikkje økonomisk ansvarleg for styringa. Dersom ungdomshus og anna fast lagseige fører med seg utgifter som ikkje kan eller bør dekkjast av eiga, kan styret i Noregs Ungdomslag godkjenne avhending av slik eige, sjølv om ivaretakingstida på 7 år ikkje er ute.

 

§8   Lagsbruksavgift

Dei fylkeslaga og lokallaga i Noregs Ungdomslag som eig, driv eller har partar eller luter i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lags rekneskapen, betalar kvart år eit tilskot, lagsbruksavgift, til organisasjonen. Avgifta er 1 promille av omsetnaden. Styret i Noregs Ungdomslag kan setje ned lagsbruksavgifta når det verkar urettvist å krevje ho inn.

 

§ 9 Røysterett.

Alle medlemmer over 14 år som har betalt årspenger og har vore medlem i minst tre månadar for året årsmøtet gjeld, har røysterett ved ordinært årsmøte.

 

Alle medlemmer over 14 år som har betalt årspenger og har vore medlem i laget i minst tre månadar, har røysterett i lags saker.

 

§ 10 Ymse.

Lov og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i ungdomslaga eller organisasjonen allment, gjeld for Ungdomslaget Framsteg

§ 11 Lovendring.

  1. Framlegg til lovendring skal vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta endring med 2/3 fleirtal.
     

  2. Endringar av lovene må godkjennast av årsmøte i laget og Hordaland Ungdomslag.

bottom of page