Utleigereglement
- Leigetakar er ansvarleg for huset i leigeperioden.
- Leigetakar får tilsendt innbetalingsgiro eller kontonummer. Prisen for utleige er fastsett av styret. Leige, og evt. depositum, må være betalt før overlevering av nøkkel.
- Leigetakar plikter å ivareta utleigars eigedom på en tilfredsstillande måte og forlate området (inne og ute) i den stand de overtok det. Ved evt. skade på hus eller inventar, skal leigetakar informere utleiger om dette, og saman bli einig om reparasjon eller anna vederlag. Leigetakar/medansvarleg er økonomisk ansvarleg/erstatningspliktig dersom noko blir øydelagd i løpet av leigetida. Alle som har skrive under på leigeavtalen er økonomisk erstatningsansvarleg ved skade etc.
- Ved knusing av glas/koppar/fat etc., må det betalast kr 25,- pr. del.
- Tap av nøkkel medfører ein kostnad på kr 2000,-.
- Det er ikkje tillate å røykje innandørs.
- Dersom leigetakar er under 18 år, skal ein føresett skriva under avtalen og stå som medansvarleg.
- Alle tilstellingar i og utanfor lokalet skal fredag og laurdag være slutt seinast kl. 02:00. Andre dagar seinast kl. 23:00.
- Den som leiger lokalet er ansvarleg for at brann- og tryggingsvern av personar og bygning blir haldne. Alle dei ansvarlege skal gjerast kjent med og følgje oppslag om brannreglar og rømingsvegar. Sjå kart m/ rømingsvegar og plassering av brannslukkerapparat i inngangen til storsalen og på kjøkkenet.
- Huset er godkjent for maksimalt 120 personar. Det er avgrensa kor mange gjester som er tillate, avhengig av kva rom arrangementet er i og type arrangement. Tala er utarbeida i samråd med Lindås- og Meland Brannvern.
– Storsalen: 70 personar med bord/stolar, 100 personar med stolrekkjer, 120 personar ståande
– Småsalen: 25 personar med bord/stolar, 30 personar med stolrekkjer, 40 personar ståande
– Kjellerstova: 30 personar med bord/stolar , 40 personar med stolrekkjer, 50 personar ståande - Avbestilling må skje seinast 7 dagar på førehand, eller etter nærmare avtale. Avbestilling etter frist medfører at leige må betalast.
- Ved leige fredag eller lørdag, skal lokalet være ferdig utvaska innan neste dag kl. 14:00. Evt. seinare etter avtale.
- Ved retur av nøkkel, tar leigetakar og utleigar ein gjennomgang av huset. Dersom lokalet ikkje er tilfredsstillande reingjort og tilbakelevert til avtalt tid, må leigetakar betale kr 500,- per time for vask og evt. ekstra leige.
- Sjekkliste til leigetakar skal leverast tilbake, ferdig utfylt og underskrive, saman med nøkkelen etter leige.
- Dersom leigetakar gløymer å stengje vindauge eller låse dører, er leigetakar ansvarleg om utanforståande tek seg inn i lokalet og påfører ungdomslaget kostnader (for eksempel ved tyveri eller herverk).
Tillegg for leigetakarar 18-25 år
- Ved arrangement med alkohol er maks antal gjester 70 personar (vaktar tel ikkje med i dette antalet).
- Depositum på kr 5000,- og leige må betalast på førehand.
- Leigetakar plikter å skaffe minimum 5 vaktar over 25 år. Dette gjeld ikkje ved familiearrangement som barneselskap, dåp, konfirmasjon, bryllaup osb.
- Vaktane SKAL være edru!!
- Som vakt har ein ansvar for at uvedkommande ikkje kjem inn i lokalet og at antal gjester ikkje overskridast. Vaktane må plasserast ved alle inngangsdørene til lokalet.
- Brudd på reglane kan medføre at leigetakar ikkje får leige huset ved ein seinare anledning.
Praktisk informasjon
- Reine kjøkkenhandkle og oppvasklutar fins i hylla på vaskerommet. Etter bruk leggjast dei i plastkasse på vaskerommet.
- Vaskemiddel/utstyr, bossposer, toalettpapir og tørkepapir er på vaskerommet.
- Det er tilgjengeleg 85 stolar med putar og 34 bord (120cm x80 cm). I tillegg er det i kjellarstova 16 stolar og 2 små bord.
Vask/rydding
- Avfall plasserast i søppelkonteinarar. Sigarettsneipar og anna avfall skal ryddast rundt huset.
- Utstyr som er brukt skal vaskast/tørkast av: bord, stolar, kjøkkenbenkar, kjøkkenfrontar m.m. Kjøleskap, komfyr og mikrobølgeomn skal vaskast både innvendig og utvendig.
- Kombidampar har eige vaskeprogram. Vaskeprogrammet køyrer Ungdomslaget Framsteg. Matrester skal fjernes med fuktig tørkepapir.
- Ta oppvask (les brukermanual på vegg ved oppvaskemaskin)
- Bord og stolar vaskast og settast på plass bakerst i storsalen
- Matter i inngangsparti støvsugast
- Skitne moppar og klutar i plastkasse på vaskerom
- Vask alle rom som har vore i bruk (også trapper, toalett og inngangsparti). Bruk riktig mengde vaskemiddel (sjå på emballasjen).
Sjekkliste etter arrangement
- Steng kranen på blandebatteriet til spylarslange til oppvaskkum
- Alt av medbrakte fat og liknande tas med
- Alle vindauge er stengt og hemper er på
- Varmepumpe i storsalen, småsalen og kjellerstova er satt på 19 grader
- Sjå etter at komfyr, vaskemaskin, kaffitraktar og anna kjøkkenutstyr er avslått
- Huset er rengjort iht. vaske/ryddeliste
- Alle lys er slått av
- Alle ytterdører er låst
- Huset leverast tilbake i same stand som du mottok det
- Ved tilbakelevering av lokalet vert det sjekka at vask/rydding er tilfredsstillande utført
- Gje tilbakemelding om evt. feil og manglar