Upp og Fram – Sundag 27. april 1941

Flagget vårt

Mitt flagg ein stakkars klut av ull,
men denne klut er god som gull,
for han kan snakka norsk til meg,
og snakket sjynar eg.

Eg vit at der den duken min
lett blafrar i den friske vind,
der bur ein frimann på sin gard,
der bur ein vaken kar.

Og flagget segjer til meg so.
Det raude det er let av blod,
det hjarteblod frå fedre rann,
då dei vår fridom vann.

Og blå som himmel, fjord og elv
var von i ungdomsvåren skjelv
og seint er vare henders slit,
difor er duken kvit.

Så styrk meg flagg i maud og strid
og ler meg vera sterk og fri.
Og helga med din vene kross,
alt som skal fram jå oss.

I all vor småstrid sut og harm,
kveik samlings ljos tanken i vor barm,
og let oss stranda, mann med mann
på vakt for folk og land.

Ein medlem