Musikklaget Framsteg

Bygda vår hadde i alle år feira 17. mai på tradisjonelt vis med tog, talar, leikar og fest, men musikklag til å spela denne dagen hadde bygda ikkje hatt. Aksel Brakstad hadde orda frampå om ikkje nokon kunne ta fatt i dette, og sommaren 1968 tok Ragnhild og Henry Andersen kontakt med Klara og Elling Landsvik, Signe og Ole Tveit og Margit og Trygve Vikebø, og desse fira para sette i gong arbeidet med å få til eit musikklag. Dei hadde fleire møte, var samde om at det var i ungdomslaget musikklaget måtte høyre til. Dei skaffa dei første pengane inn ved å gå rundt til bygdefolk, og hundrelappane sat laust, dette var noko alle var positive til. Dei fekk kontakt med ein dirigent Madsen frå Bergen, og notekurs for musikantane kom fort i stand i småsalen i Framtun.  På ettersommaren vart det reist til Bergen og Hagstrøm Musikk der dei kjøpte inn instrument til dei håpefulle aspirantane. Alle dei fire nemnde para hadde med eigne born i korpset frå starten av, men også mange andre born frå bygda var med, og desse var frå 10  år og oppover, så korpset var ikkje berre nytt men også ungt.  Instrumenta vart delt ut straks dei kom til bygda, og alvoret tok til. Utpå hausten flytta musikklaget øvingane sine bort i skulen, sikkert fordi det var for kaldt i ungdomshuset. Den første offisielle framføringa til laget var på julekonserten i Meland Kyrkje i 1968, spenninga var stor, vi var både nervøse og ikkje reint lite stolte.

Dirigent Madsen var av ukjent årsak for underteikna vekke som dirigent, og i all hast hadde Henry, som var formann i musikklaget, fått kontakt med Olaf Tveit og spurt om han kunne ta over taktstokken på julekonserten. Eg kan ikkje hugsa om vi hadde øving med han før same dagen konserten skulle vere, så brått kom dette på. Framføringa til musikklaget gjekk nesten utan feil, og forsamlinga i kyrkja klappa, noko som ikkje var vanleg i kyrkja. Vi var rett og slett sprekkeferdige av stoltskap.

Seinare vart det konsertar både i Framtun, andre stadar på øya, turar til både Øygarden og Gulen og fleire andre stadar, og musikken på 17.-mai var ordna for ettertida.

Foreldra til musikantane var med å stella i stand kakelotteri, bygdekveldar, basarar m.m. for å skaffe pengar til drifta. Det vart lånt filmkamera av Reknes på Landsvik som vart brukt til å syne fram filmar på basarar i Framtun. Det gjekk ikkje lang tid før dei ivrige foreldra hadde skaffa pengar til flotte uniformer til musikantane, burgunderfarga med kvite striper. Vi kjente oss nesten ikkje att i kleda, så kry var vi. Olaf Tveit vart verande som dirigent for Musikklaget Framsteg frå den dag og i mange år frametter, han var flink og gjorde ein veldig god jobb med musikklaget. Det gjorde også dei ivrige foreldra til musikantane, dei la ned utallige dugnadstimar.

Hausten 1974 vart statusen til Musikklaget Framsteg endra til Rossland Skulekorps. Det vart kanskje for mykje arbeid på nokre få med å drifta denne gruppa i ungdomslaget, og som skulekorps fekk dei nok mykje meir hjelp med både det eine og det andre som skulle til for å drifta eit musikk-lag med berre born og unge.

Men som skulekorps og med Gunnar Furubotten og Bjarte Fosse som dirigentar, henta korpset mykje heider og ære til bygda. Høgdepunkta til no er 1. plass i 1. divisjon i NM for skulekorps brassband 2002 og 4. plass i European Youth Festival of Brass (EM) 1999 i Skottland.

Tekst henta frå jubileumsboka Framsteg i bygda: Margit Vikebø/Torhild Vikebø Søderstrøm



X