Ungdomslaget har filmvisning med gratis inngang. 
Årleg er det mellom 1200-1400 gjester. Vi kjøper sjølv dei filmene vi ønskjer å vise. Det kjem fortløpande informasjon på nettsida vår. Vi set opp plakatar på Ungdomshuset og litt omkring. Kinoen er open for alle (treng ikkje vera medlem). Tilkomst er tilpassa rullestolbrukere. Vi har dessverre ikkje toalett tilpassa rullestol.

Vi har sitteplass til ca. 100 personar. Filmane blir vist i full HD/4K kvalitet på 3,3m bredt lerret. Vi har eigen kiosk med godt utval (snop, drikke, popcorn og chips). Prisane er omtrent som i matbutikken.

Det er ikkje gratis å drive kino. I tillegg til å kjøpe filmar, må vi blant anna betale ein årleg lisens for å få lov til å vise film. Lisensvilkåra gjer at vi ikkje kan ta inngangspenger.  Vi er avhengig av at besøkjande brukar kiosken vår. Vi oppmodar alle til å bli medlem i ungdomslaget for å støtte driften. Ein kan leige ungdomshuset til privat visning av film og spelkveld. Ta kontakt med filmansvarleg, Christian Åsebø Olsen,  for meir informasjon.

Kommende filmer (filmvisning er foreløpig stoppet pga. korona).
Vi legger vanligvis ut filmer for 3-6 måneder om ganger.