
14 sep Invitasjon til kulturkveld 17. september
«Folk i Huset» holder åpent møte for de som har kulturhus i Meland kommune.
Under er invitasjonen som er sendt ut. Ønsker du å delta? Lenke til påmelding i invitasjonen under.
————————-
INVITASJON
Du er med dette invitert til OPE og GRATIS møte 17. september 2015, kl 18:30 i Framtun i Meland. Enkel servering.
TEMA: Korleis løfta fram og styrka organisasjonseigde kulturhus?
Korleis fylla husa med kultur?
”Folk i Huset” er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Huset i Bygda (Hordaland Ungdomslag) og Hordaland musikkråd. Målet er å setja fokus på dei mange kulturhusa som er eigd av ungdomslag, misjonsforeiningar, lag generelt og liknande. Private aktørar som ofte driv på dugnad.
Gjennom å samla ulike kulturaktørar ynskjer me å inspirera til auka aktivitet i husa gjennom å informera om mellom anna:
– Drift og vedlikehald av hus
– Korleis laga gode arrangement
– Kor får ein tak i gode kulturaktørar
– Korleis er akustikken i lokalet og kva type lyd egner salen seg til
Me håpar du har høve til å komma og bidra i debatten! Inviter gjerne andre som kunne vera interesserte! Påmelding og program HER.
Beste helsing
Hanna Kvalheim Hekkelstrand
Prosjektleiar, Huset i bygda – Hordaland
husetihordaland@ungdomslag.no
tlf 936 75 539
www.facebook.com/HusetibygdaHordaland