1913
23.3.13

Ungdomslaget vert skipa

Laget fekk namnet Rossland kristelege ungdomsforening. Første formann var Johannes Bratshaug.

1916

Georg Halstensen startar opp med landhandel på Io

1919

Rossland meieri på Vikebø kjem i drift

1922

Peder Kårbø tek til med landhandel i eit naust ved Meierikaien

1923

Første tomta til lagshus vert kjøpt hjå Sivert Olai Vikenø for kr 125,-.

1925

Georg Halstensen, overtar og utvider butikken på Meierikaien etter Peder Kårbø

På slutten av 1920-talet e butikken i drift under A. Halstensen.

1925-1930

Ungdomslaget går over frå å vera kristeleg ungdomslag til frilyndt ungdomslag

1927

Bedehuset på Vikebø står ferdig

1935

Nytt lagshus

Då det er aktuelt å byggja nytt lagshus vert det gjort avtale med grunneigar om ny tomt i større avstand frå bedehuset. Deretter vert arbeidet sett i gang.

1937

Lagshuset "Framtun" står ferdig

6.9.1938

Rosslandsvåg samyrkelag opnar daglegvarebutikk nummer to i Vågen

1940-1945

Krigsåra

I krigsåra vert lagshuset brukt til heilt andre ting enn forsamlingshus. På hausten i 1941 legg tyskarane beslag på ei mengd radioapparat som vert lagra i lagshuset. Heradskasserer Jonas Skurtveit har kontor i huset under krigen. Ungdomslaget er likevel aktivt med relativt mange medlemmar (96) dei første krigsåra, og brukar skulehuset som møtelokale. Det vert óg arrangert nokre dansar, til tross for at dette ikkje er lov.

1945

Bygdebad

I ei tyskerbarakke på Rossland er det eit stort bad etter tyskarane. Etter krigen får ungdomslaget lov til å ta dette i bruk til eit bygdebad. Det må mykje ved til for å fyra opp slik at vatnet vert varmt. På laurdager kan bygdefolk (mot eit lite bidrag) koma der og bada.

1947

Marshallplanen

Det kjem ei last med kler og sko. Dette vert delt ut til innbyggarane i Herdla etter behov.

1952

Straumen kjem til bygda

Det store tidsskiljet vert feira med "Ljosfest" i eit fullsett Framtun.

1953-1954

Vi byggjer på ungdomshuset

Arbeidet med nytt tilbygg med scene, småsal i 1. høgda, og kjøkken i kjellarhøgda. Folkeboksamlingen kjem inn i småsalen i Framtun.

31.5.59

Holsenøy idrettslag vert stifta

Laget nyttar den første tida Framtun til inneaktivitetar. Laget skiftar etterkvart namn til Nordre Holsenøy idrettslag.

14.7.59

Nyevegen frå Rossland til Landsvik opna

17.1.60

Songkoret Vågen vert skipa

1961

A. Halsteinsen flyttar frå Meierikaien og inn i den nye butikken på Vikebø

16.3.62

Io brua opna

1962

Rosslandsvåg samyrkelag flyttar frå Vågen til ny butikk på Vikebø

1962

Posten etablerer seg i nytt posthus like ved Rosslandsvåg samyrkelag

1962-1963

Ny skule på Rossland

Nyeskulen på rossland vert teken i bruk før jul 1962, men ofisielt opna ved nytt skuleår i september 1963.

1964

Nye kommunegrenser

1968

Musikklaget "Framsteg" vert skipa

1968

Landhandelen G. Halstensen på Io vert lagt ned

1969

Diskoteket Framsteg

Dette året kom det diskotek i kjellaretasjen med det fantasifulle namnet Diskoteket Framsteg.

15.09.74

Musikklaget Framsteg går over til å vere skulekorps

De skiftar namn til Rossland skulekorps.

1977

WC-tilbygg

Etter 40 år med kummerlige fasilitetar kan WC-tilbygget endeleg takast i bruk.

1978

Krossnessund bru på Flatøy vert opna

1979

Ingebjørg Skurtveit - U.L. Framsteg får sin første kvinnelege formann

1980

Nyevegen mellom Sandskaret og Fløksand vert opna

1982

Hagelsundbrua mellom Flatøy og Knarvik vert opna

1985

Laget kjøper nytt og stort diskotek- og lysanlegg i huset

1988

Ungdomslaget 75 års-jubileum. Kjellersalen vert fornya

1990

Ungdomslaget startar opp med Songkoret Stiv kuling

1990

Laget får sin første fane

1991

Fritidsklubben vert etablert

22.9.94

Nordhordlandsbrua opnar

1995

Det gamle toalettbygget vert fjerna

8.5.99

Meland Golf opnar 18 - hols golfbane på tidlegare Leirvik gard

2000

Kommunen sine omsorgsbustader på Vikebø og nye lokaler for heimetenesta sone nord står ferdig

2001

Torhild Søderstrøm får tildelt Meland kommune si kulturrose for innsatsen ho har gjort for ungdomslaget

2010

Stiv kuling vert nedlagd.

Mange av medlemmane går over til Songkoret Vågen.

2011

Slutt med Bygdekino i Framtun

23.3.13

Ungdomslaget Framsteg 100 år

Høgtideleg markering i Framtun 28. september.

2013

Laget får ny fane

2013

Boka "Framsteg i bygda" vert trykt opp

31.8.13

Etter 75 år er det slutt for Rosslandsvåg Samyrkelag/Coop Marked Rosslandsvåg

2013

Laget startar eigen kino

16.2.2015

Nytt kjøkken

Total renovering. Nytt gulv, vegger, tak, hvitevarer og kjøkkeninnredning.

20.3.2015

Kjellerstuen pusses opp

Nye fliser, møbler og inventar

NÅTID
Toppen