Bakekurs 28.-29. november

Basar 2016

Basarnemnda i ungdomslaget søkjer flittige nevar som kan hjelpa oss med heimelaga gevinstar til basaren hausten 2016.
Vi vert kjempeglade for alt vi får hjelp med av gevinstar.  Basarnemnda kan dekkje materielle utgifter etter avtale.
Helsing Åse, Signy , Torhild, Unni og Mariann

Åpent hus 28. september

Vaksenkafe andre torsdag i månaden

Ein møteplass for vaksne (meir…)

Invitasjon til kulturkveld 17. september

«Folk i Huset» holder åpent møte for de som har kulturhus i Meland kommune.
Under er invitasjonen som er sendt ut. Ønsker du å delta? Lenke til påmelding i invitasjonen under.

————————-

INVITASJON

Du er med dette invitert til OPE og GRATIS møte 17. september 2015, kl 18:30 i Framtun i Meland. Enkel servering.

TEMA:    Korleis løfta fram og styrka organisasjonseigde kulturhus?
Korleis fylla husa med kultur?

”Folk i Huset” er eit samarbeidsprosjekt mellom Folkeakademiet Hordaland, Huset i Bygda (Hordaland Ungdomslag) og Hordaland musikkråd. Målet er å setja fokus på dei mange kulturhusa som er eigd av ungdomslag, misjonsforeiningar, lag generelt og liknande. Private aktørar som ofte driv på dugnad.

Gjennom å samla ulike kulturaktørar ynskjer me å inspirera til auka aktivitet i husa gjennom å informera om mellom anna:
–       Drift og vedlikehald av hus
–       Korleis laga gode arrangement
–       Kor får ein tak i gode kulturaktørar
–       Korleis er akustikken i lokalet og kva type lyd egner salen seg til

Me håpar du har høve til å komma og bidra i debatten! Inviter gjerne andre som kunne vera interesserte! Påmelding og program HER.

Beste helsing

Hanna Kvalheim Hekkelstrand
Prosjektleiar, Huset i bygda – Hordaland
husetihordaland@ungdomslag.no
tlf 936 75 539
www.facebook.com/HusetibygdaHordaland

Fester i 2015

Oversikt over planlagte fester for resten av 2015: (meir…)