17. mai kunst

I dei siste to månadene med heimeskule, har elevane i 5.klasse jobba med å uttrykke seg gjennom ulike teknikkar i kunst og handeverk. Dei har jobba med teikning, LandArt, collage og anna. Dei har også hatt stor fokus på diktskriving denne tida. Mange dikt er blitt lest og produsert. Elevane har derfor brukt desse teknikkane til å laga dikt og plakatar som dei vil pynte nærområdet med dei neste dagane mot 17.mai.

De vil ha gleda av å sjå produkta på ulike postkasse-stativ rundt om i krinsen.

Her er eit utval av dei ulike plakatane som er laga.

1. Hipp hurra vi roper høyt, landet vårt har bursdag. Is og fest vi liker best og gøye leker hele dagen.

2. Morgensalutt i det fjerne, 17 mai i år blir ein stjerne. En anderledes dag, men med like velbehag skal vi skape tro på at corona bygger bro og gjør neste år enda bedre.

3. Rødt, kvitt og blått, farger på flagget vi har fått. Vi feirer 17. Mai i år på en annerledes måte enn de forrige år. Vi skal alle holde oss friske, vi har ingen og miste.

4. Flagget vårt, det er så flott. Det svaier i vinden, vi står i bunad i grinden. Is, pølse og skjokolade. Det gjør oss aller glade. Gratulerer med dagen, det ert beste å ikkje spise mer is, for da får mor vondt i magen.

Trykk på bildet for å se større og kunne bla gjennom alle bildene.