1923-Korleis skal ein bruka ungdomstida?

Fager er ungdomstidi. Men ho er vel og den mest fårefulle. Difor gjell det å væra varsam og bruka ho rett. Er ein ung, kan ein greida noko berre ein vill. Mang ein ungdom fjasar denne kostesama tidi burt til leik og moro. Kva vert so slutten? Einsame og sorgtunge blir dei tilsutt. Tankelause var dei. I ungdommen lyt du læra. Ein og gong vil du få bruk for den kunnskap du samlar. Det er mange skuler no. Du lyt ta deg fri ein sumar eller vinter å gå på ein ungdomskule. Du vil inkje træga det. Ingen vil træga att dei hev lært for mykje, men dei fleste fær træga att dei lærte for lite. Det gjell å væra våken og bruka sine evner. Livet er stritt. Det er berre som ein draum. Di for ungdom! Lat os ikkje tenkje sli: Å pytt, det er ikkje so fårleg, me hev lenge at til me vert gamle. Det gjeng dag, månad, år. Du fylgja med. Ser ein framyver, tenkjer ein det gjeng langsomt, men tidi som er gått, veit ein snautt, kor er vorten av. Det mest alvorlige i livet er netupp dette. Alle kan ikkje ta att ein einaste dag. Bruk ungdomstidi til godt arbeid som kan verta til gagn både for deg sjølv og andre. Å leva det er i arbeid mot rikare mål å trå, seigjer diktaren. Fyll sjæla di med reine gode tankar. Ver god mot alle!

Skriven av K M Eikeland, bladstyrar 1923